Møtestad og oppmøte
Parkeringa ved bilbrua i Bordalen, 5700 Voss. Møt opp 15 minutt før avtalt tid. Frå Vangen er det 20 minutt med sykkel eller 45 minutt til fots.
Praktisk
Alt du treng å vita om møtestad, klede, vêr og avbestilling. Er du framleis i tvil, spør oss — vi svarar personleg.
Parkeringa ved bilbrua i Bordalen, 5700 Voss. Møt opp 15 minutt før avtalt tid. Frå Vangen er det 20 minutt med sykkel eller 45 minutt til fots.
Turklede etter vêret, solide sko og eit ekstra lag i sekken. Langbukse er greitt under sela. Alt teknisk utstyr får du av oss.
Vi køyrer i det meste av vêr — regn er sjeldan eit problem i gjelet. Ved lyn, ekstrem vassføring eller sterk vind flyttar vi turen eller refunderer fullt.
Du betaler ingenting ved førespurnad. Vi stadfestar tid fyrst, og betaling på nett kjem før sesongstart. Gratis avbestilling inntil 24 timar før.
Frå 12 år i følgje med vaksen. Selene passar frå om lag 35 til 130 kg. Sei frå om skade, graviditet eller anna vi bør ta omsyn til.
Voss er 75 minutt med tog frå Bergen og 5 timar frå Oslo. Frå togstasjonen på Vangen kjem du deg til Bordalen med sykkel, taxi eller til fots.
Snarvegar
Ledige tider gjennom heile sommarsesongen. Send ein førespurnad — vi svarar personleg.